Lyrics:
Hanen fall om på tunetFør han rakk gala-Men eg kjende tidaHesten hang i slitte taumarMed utakk piska inn i augo-Men eg makta å trekke plogenBonden la seg til markaGrødelaus og ufri-Men eg rydda nye hovVekstane visna, evige lovnadar brastFargane falma, hjarta fraus fastStøyen stilna, men sigeren var tattStørre enn tid, tyngre enn natt!Fjella fall, og skogen brannTida teia, vatn vart sandSola slokna, men deg hadde eg attStørre enn tid, tyngre enn natt!Lyset tok slutt, og stjernene slokna ;Før fylgjet nådde fram til gards-Men eg hussa vegenSkipa sank med krigar og skald;I botnlaus avgrunn lagt til kvile-Men eg råka nye ukjende strenderGudane vart alle brått gamleDå dei gyldne veggane fall-Men eg gav dei ny kraft