Lyrics:
Og mannen han gjekk seg I veda skog,Hei fara I veda skog.Då sat der ei kråka I lunden og gol.Hei fara. Faltu riltu raltura.Mannen han tenkte med sjølve seg;Hei fara med sjølve segSkal tru no den kråka vil drepa meg?Hei fara. Faltu riltu raltura.Og mannen han spente sin boge for kne,Hei fara sin boge for kneSå skaut han den kråka, så ho datt ned.Hei fara. Faltu riltu raltura.Så spente han føre dei folane ti;Hei fara dei folane tiMen kråka ho sprengde alle di.Hei fara. Faltu riltu raltura.Så flådde han kråka og lema ho sund,Hei fara og lema ho sundHo vog innpå seksten og tjue pund.Hei fara. Faltu riltu raltura.Av skinnet så gjorde han tolv par skor,Hei fara han tolv par skorDet beste paret det gav han til mor.Hei fara. Faltu riltu raltura.Og kjøtet han salta I tunner og fat,Hei fara I tunner og fatOg tunga han hadde til julemat.Hei fara. Faltu riltu raltura.Og munnen han brukte te mala korn,Og øyro han gjorde til tutar-horn.Av augo så gjorde han stoveglasOg nakken han sette på kyrkja til stas.Og den som kje kråka han nytta så,Han er ikkje verd ei kråka å få.Faltu riltu raltura.